Advokatfirmaet Tollefsen er eit lokalt advokatfirma i Sogndal

Vi tek oppdrag innanfor dei fleste rettsområde, men har valt å konsentrera oss om forretningsjus, bistand til offentlege etatar, familierett i vid forstand og strafferett


Barn og familie

Vi hjelper klientar som har vanskar i privatlivet, til dømes i samband  med det økonomiske oppgjeret etter separasjon og skilsmisse, barnefordeling, barnevern, psykisk helsevern, dødsfall og arv.

I nokre tilfelle kjem vi først inn i saka etter at vanskane har oppstått. Ofte syner det seg likevel at vår hjelp hadde vore meir effektiv dersom vi hadde blitt kontakta tidlegare for rådgjeving og hjelp til å utarbeida sambuaravtale, ektepakt, testament eller liknande.

Vi er elles det einaste kontoret i Sogndal som kan tilby ein kvinneleg advokat for dei som ynskjer det.

 

Straffesaker og bistandsadvokat

Advokat Jan Tollefsen er oppnemnd som fast forsvarar ved Sogn tingrett og for kommunane Høyanger, Gulen, Hyllestad og Solund ved Fjordane tingrett, samt Gulating lagmannsrett. Vi har omfattande erfaring med å gje bistand i straffesaker, både til tiltalte og fornærma.

Ein bistandsadvokat skal hjelpa fornærma i samband med straffeforfylgjing mot gjerningsmannen. Vårt kontor har brei erfaring frå denne typen saker.


Fagområde: Privat - Bedrift - Forvaltning