Prisar og salærberekning


Vårt salær bereknar vi med utgangspunkt i tidsforbruket i den enkelte sak. Rettleiande timeprisar er frå kr 1.250 (kr 1.000 mva) til kr 3.125 (kr 2.500 mva.) Vi tek atterhald når det gjeld retten til å justera timeprisane inntil to ganger per år, samt advokatfullmektigane sin timepris ved oppnådd advokatbevilling.

Varsel vert gjeve klienten ein månad i forkant. Kva for ein timepris som for det enkelte oppdrag blir brukt, vil vere avhengig av arbeidet sin art og vanskegrad, dei verdiar og interesser som saka gjeld og det resultat som blir oppnådd m.v. I saker der bistanden vert utført av advokatfullmektig, vil timesatsen vera noko lågare enn i saker der bistanden blir ytt  av ein advokat. Den timesats som skal danna utgangspunkt for salærberekning i saka, vert avtalt ved oppdraget sin start, og fylgjer av oppdragsstadfestinga. Dersom bistand i ei sak blir ytt både av ein advokat og ein advokatfullmektig, vil desse ha ulik timesats. Satsane vil framgå av oppdragsstadfestinga. 


Særskilde utlegg i saka kjem i tillegg

Timeberekninga skjer med utgangspunkt i ei minstebelastning på 15 minutt ved kvar arbeidsøkt i saka. I straffesaker dekkjer retten i dei fleste tilfelle salær for forsvararoppdrag når det er teke ut tiltale i saka. Vidare dekkjer alltid retten salæret i samband med varetektsfengsling. For bistand under etterforsking (før tiltale er teke ut) må klienten som regel sjølv dekkje salæret, men dette kan ein krevja skal erstattast av politiet dersom saka blir lagt bort.

Fri rettshjelp/fri sakførsel

For spesielle sakstypar, samt under føresetnad av at klienten ikkje har for høg inntekt/formue, vil det kunne bli oppnådd  fri sakførsel eller fritt rettsråd, det vil seie at det offentlege dekkjer det alt vesentlege av honoraret/utgiftene.


Forsikringsdekking

Ein del sakstypar kan dekkjast heilt eller delvis av klienten sitt forsikringsselskap under den rettshjelpsdekking som inngår i dei fleste vanlege heimforsikringar. F.eks. er regelmessig tvistar mellom kjøpar og seljar etter bustadomsetjing (avhendingssaker) dekka av partane sine respektive heimforsikringar.

Aksept av oppdrag

Eit oppdrag er ikkje akseptert av oss før vi har skrive ut oppdragsstadfesting, og eventuelt avtalt salærforskot er innbetalt. I saker der advokat blir oppnemnd av retten, er oppdraget akseptert når retten si oppnemning ligg føre. Vi tek ikkje på oss ansvar for oppfylgjing av saker før oppdraget er akseptert.


Faglege og etiske retningslinjer

Vi arbeider i samsvar med Advokatforeningen sine reglar for god advokatskikk og forsvararetiske reglar.