Nyhende

 

Logosymbol 2012.PNG

Er DU vår nye, flinke, hyggjelege advokatkollega? 

Vi har ledig stilling som vikar for advokat i eitt år.  Stillinga gjev ein svært variert praksis med gode
moglegheiter for prosedyre. Vi ynskjer søkjarar med noko erfaring som og har interesse for forretningsjuridiske fag. Tilsetjing vil skje etter nærare avtale. Opplysningar om stillinga får du ved å kontakta advokat
Jan Tollefsen, tlf.nr. 913 59 329 eller
advokat Arvid Mellingen,
tlf.nr. 900 82 541.

Søknad med kopi av vitnemål og attestar kan du
levere elektronisk:
http://cvideo.no/advokatfirmaet_tollefsen_as
Søknadsfrist er tysdag 11. september 2018.

 

Eurojuris og Advokatfirmaet Tollefsen inviterte 100 advokatar til samling på Skjolden.

Les artikkelen her

 

 

 


Anny.jpg

Vår trufaste sekretær har hatt 30-års jubileum

Den 11. april feira me at Anny har arbeidd på kontoret i 30 år!  I løpet av alle desse 30 åra har ho vore eit stødig og smilande kontaktpunkt mellom oss og klientar og samarbeidspartar. Ho har bistått medarbeidarane her med gode råd og hjelp både på det faglege, sosiale og heimlege planet. Anny er kort og godt flink til å sjå og bry seg om sine medmenneske. Og ho kastar seg stadig ut i nye faglege oppgåver.

Les meir på vår facebookside. 


Advokat Anette Stegegjedet Norberg har vore på personskadeerstatningskurs

I går var advokat Anette Stegegjerdet Norberg på kurs i personskadeerstatning hjå Advokatfirmaet Halvorsen & co. på Lillestrøm. Kurset vart arrangert i samarbeid med Personskadeforbundet LTN og Advokatforeningen Romerike.

Les meir på vår facebookside.


Advokat Silje Flugheim Heggestad er attende frå permisjon. 

Vår advokat Silje Flugheim Heggestad har hatt si første veke på jobb etter 10 månader foreldrepermisjon. Silje har storkosa seg i permisjon, men er no klar for å fortsette der ho slapp. I tillegg til dei rettsområda Silje har jobba med før, vil ho framover jobbe meir med fast eigedom, konkurs og tvangsfullbyrding. Dersom du ønskjer bistand frå Silje, ring 91644035 eller send e-post til silje@advokat-tollefsen.no. Me ønskjer ho velkomen tilbake!


Advokatfirmaet Tollefsen oppdaterer heimesida

I denne perioden kan det vere enkelte funksjonar som ikkje fungerar optimalt.

Logosymbol 2012.PNG