Advokatfirmaet Tollefsen er eit lokalt advokatfirma i Sogndal

Vi tek oppdrag innanfor dei fleste rettsområde, men har valt å konsentrera oss om forretningsjus, bistand til offentlege etatar, familierett i vid forstand og strafferett


Barnevern

Vi fører saker for kommunale barneverntenester om omsorgsovertaking av barn. Vi gir råd til kommunane undervegs i saksbehandlinga, både i enkeltsaker og i forhold til generelle problemstillingar i barnevernet.

Grunnerverv, ekspropriasjon og skjønn

Kontoret bistår kommunar og private med forhandling, avtaleutforming og oppfølgjing av saker om overtaking av grunn. Vi bistår ved saker om ekspropriasjon og fører sakene om skjønn for retten.

 

Plan- og bygningsrett

Vi kan hjelpe med råd og rettleiing i særleg vanskelege regulerings- og byggjesaker, for eksempel i samband med forfølgjing av ulovlege byggjetiltak, byggjing i konflikt med nabo, utnytting av strandsone m.m.

Forvaltningsrett

Kontoret gir også hjelp til vurdering av vanskelege forvaltningsrettslege spørsmål, som for eksempel om rettsleg kompetanse, partsinnsyn eller innsyn etter offentleglova, vedtaksutforming og sakskostnader.


Fagområde: Privat - Bedrift - Forvaltning