Jan Arild Rømmen: Alltid på bana

Jan A.jpg
Eit portrettintervju av advokat Jan Arild Rømmen. Publisert i Sogn Avis 16.06.2018

Sogndal: Han insisterer på å balansera fritida mellom å vera fotballdommar og gå skirenn, snart 65 år gamle Jan Arild Rømmen.

Og han har ikkje tenkt å gje seg med det første, verken på eller utanfor advokatkontoret Tollefsen der han har hatt sitt daglege virke dei siste fem åra.

– Eg er fødd i Tromsø og budde der dei første ti åra i livet mitt. Der var du seks månader fotballspelar og seks månader skihoppar gjennom året, seier Rømmen.

Familien flytta til Haugesund då han var 10 år gamal. Der budde han fram til han var 20 og studiestart ved Universitetet i Bergen.

Der tok Rømmen juridisk embetseksamen i 1979 og har som advokat lang røynsle med bubehandling og forretningsførsel. Han har fire år som sakshandsamar for byggjesaker hjå Fylkesmannen i Oslo og Akershus, fire år som politijurist og 27 år som advokat og dagleg leiar i Sogn Eigedomskontor i Sogndal.

Han har motteke diplom frå Norsk Språkråd for «framifrå innsats for norsk språk», det vil seia nynorsk, for åra i Sogn Eigedomskontor AS.

– Der hadde me alt på feilfritt nynorsk. Eg brukar også nynorsk som advokat.

Rømmen er som regel først på jobb. Vanen med å stå tidleg opp, har han fått med seg heilt frå gutedagane då han starta som avisbod for morgonavisa Haugesund Dagblad.

– Eg stod opp ti på seks og sykla rundt med dei 40 avisene eg hadde på ruta. Det tok ein times tid dersom vêret var nokolunde normalt. Dette gjorde eg frå femte til åttande klasse, det var berre i feriane eg ikkje tok avisrunden.

Litt meir avis vart det då han i ungdomsskulen vart utplassert i avisa som journalist. Men han kunne neppe ha tenkt seg ei journalistisk karriere.

– Det er sjølvsagt vanskeleg å seia. Eg kjenner fleire gode journalistar og det er plussar og minus med alt. Men svaret må nok bli ja til at eg er glad eg valde juridisk utdanning. Journalistar opererer som regel med korte fristar frå dag til dag, eg står friare til å velja og definera arbeidsdagen min. Det er klart at det hender det blir mykje einskilde dagar eller periodar, men det går greitt så lenge du er flink til å strukturera dagen.

Dei som kjenner juristen, domaren, fotballspelaren, maratonløparen og skientustiasten, omtalar Rømmen som ein spesiell og kul fyr. Nokon utprega mjuk mann er han ikkje, men tonefallet blir mjukare når han snakkar om familien.

Familien er tre born, alle pluss/minus 30 og kona Astrid. Astrid møtte han på dans i Olden, då han og nokre kameratar hadde leigd hus og var der på påskeferie, sjølvsagt med ski på programmet. Kven som tok initiativet, hugsar han ikkje.

– Kanskje du skal spørja ho, eg gav meg i alle fall ut på noko eg ikkje kunne. Ho ville vel kanskje helst hjelpa meg.

Sjølv om han altså ikkje var ei utprega danseløve, oppstod det søt musikk mellom dei to. Dette var på midten av 70-talet og tilfellet ville at ho gjekk på lærarskulen i Bergen medan han studerte juss der.

– Eg var ikkje klar over det då eg møtte ho, men det kom jo fram undervegs.

Etter studiane flytta begge til Oslo, der dei straks fekk felles adresse. Og snart skulle dei få felles born.

– Eg var 30 då eg skulle bli far for første gong. Då bestemte me oss for å flytta vestover, me ville ikkje bu i Oslo med små born. Det som vart avgjerande for at me hamna i Sogn, var ei ledig stilling som politijurist ved Sogn politikammer. Der såg eg også moglegheiter for andre jobbar dersom det skulle bli aktuelt. I tillegg var det klimaet, med varme somrar og kalde vintrar.

Rømmen legg til at han er veldig glad for at dei valde Sogn.

– Det var eit heilt rett val for oss, her er det oversynleg og greitt og ein fin plass for borna å veksa opp. Det var ei heldig avgjerd, me har heller ingen planar om å flytta. Det måtte i tilfelle bli at me flyttar etter borna når me blir gamle. Oslo er heller ikkje så langt vekke dersom me skulle få lyst på ein tur dit.

I Sogn skulle han få nok å gjera, på fleire område. Han vart forretningsførar for bompengeprosjektet Mannheller–Fodnes og Fjærlandsvegen. Begge delar følgde han frå A til Å. Han har vore bustyrar for over 100 konkursbu og teke seg av ei mengd med dødsbu. Fatlatunnelen starta han arbeidet med fram til det bompengeprosjektet vart oppheva av regjeringa.

Men på fritida er det sport for alle pengane. Aktiv fotball har han spela frå han var 10 til han fylte 50. I Haugesund spelte han for gamleklubben på Haugalandet, Torvastad, heilt opp til seniorlaget. Då han studerte i Bergen, spelte han i studentserien og i Oslo vart det bedriftsfotball. I Sogn gjekk han rett inn på old-boys lag.

– Eg kan nok spela fotball no også, men er litt redd for skader som kan gå ut over skisesongen. Så det held eg meg unna. Eg har rett nok hatt veldig lite skader, trass i alt eg har drive med, sikkert 1.000 treningar. Men tek ingen sjansar.

Rømmen spring ikkje berre etter ein ball. Han er kanskje best utan ball og har 20 maraton og 20 halvmaraton på samvitet. Han kan sjå tilbake på to krinsmeisterskap i Jølster etter han passerte 50.

– Eg kan godt springa ein maraton i morgon, men også her er eg litt redd for skader. Eg kan ikkje springa på asfalt, då spring eg heller ein tur i skogen.

Fotballen har han likevel ikkje lagt på hylla, han har vore aktiv dommar i fylket sidan han kom hit. Det er vel knapt ein fotballspelar i Sogn som ikkje har hatt han som domar, og dømminga har han tenkt å halda fram med. Det er ikkje lenge sidan han dømde ein jentekamp.

– Eg jobbar dugnad for Syril som domar i gute- og jentekampar. Men skulle Yngve Håkonsen (domar- og seriekonsulent i fotballkrinsen, red.) ringa og seia det er krise, så kunne eg sikkert teke ein damekamp mellom Sogndal og Jølster, seier Rømmen, som tykkjer det er flott at jentene også har etablert seg i fotballverda.

– Ja, ja, hugs at eg har drive med dette i lang tid og har ikkje tenkt slik i det heile teke. Eg har aldri hatt andre tankar enn at fotball også er ein naturleg aktivitet for jenter.

Og han ser på fotball. I Bergen såg han om lag alle Brann sine kampar, i Sogndal har han hatt sesongkort nærmast sidan han kom til bygda.

– Eg ser alle kampar eg kan få med meg, skoftar berre i feriar og dersom det skulle vera ein konfirmasjon i familien.

For ein så fotballinteressert person, skulle me tru at han no er inne i årets høgdepunkt med fotball-VM i Russland.

– Men eg er eigentleg meir oppteken av lokalfotball enn landslagsfotball. Eg vil sjølvsagt sjå nokre kampar dersom det passar, men langt frå alle. For å seia det slik, så dømer eg heller ein gutekamp mellom Syril og Kaupanger enn å sjå på ein kamp mellom Algerie og Tyskland.

Nokre fotballturar til England blir det likevel, men han vil ikkje kalla seg fotballidiot.

– Nei, det er eg ikkje. Eg er veldig sportsinteressert og får med meg eit par kampar med favorittlaget Tottenham når eg er i England. Men helga blir ikkje øydelagt om dei skulle tapa.

Men kanskje det er i skiløypene han trivst best. 19 birkebeinarmerke på ski skulle tyda på akkurat det. Også når me ser at han deltek i ei rekkje andre skirenn, som Sami-race i fjor der han gjekk 9 mil på skøyteski gjennom Noreg, Sverige og Finland.

Med eit slikt aktivitetsnivå, kjem Rømmen i kontakt med veldig mykje folk. Ikkje berre i Sogn, men over heile landet. Dette gjer at han har lett for å snakka med folk.

– Ja, eigentleg alle typar folk.

Røynsla han har opparbeidd er også god å ha med i jobben. Han er kjend for å pressa på partar for å få til eit forlik.

– Ja, eg likar ikkje bråk og pressar på for å bli ferdig med ei sak og finna løysingar i staden for at pengane forsvinn i rettssaker og til advokatar i årevis. Difor pressar eg på litt. Som det blir sagt så er det betre med eit magert forlik enn ein feit prosess. Det er eigentleg godt sagt.

Skal Rømmen slappa av, så kosar han seg godt med kryssorda i Sogn Avis og Aftenposten. Det går som regel bra tre av fire gonger. Han spelar også bridge og er med på spelekveldar på Leikanger ein gong i veka. Kvissmaster er han også, han likar både å laga quiz og vera med sjølv. Nyleg utfordra han 100 advokatar, sekretærar og følgjesveinar som kom til Sogn for å sjå og oppleva Skjolden, med ein sjølvlaga quiz. Rømmen er sjølvskriven på in house-aktivitetar på advokatkontoret, som fast tabata-trening om morgonen på firmaturar. Kjem det til armhevingar, tek han luven frå dei fleste.

Glad i musikk er han også, alt frå jazz og rock til country står på repertoaret. Men skal han velja to, så blir det Led Zeppelin og Jan Garbarek.

– Dei har eg sikkert brukt hundrevis av timar på.

Med ein far som var politisk aktiv i Senterpartiet, har Rømmen også arva eit samfunnsengasjement. Han seier gjerne frå om det han meiner, som synet på

kommunereform og regionreform.

– Eg er for dette, men meiner me skulle hatt ein slags øksekomite for heile landet. No blir det stykkevis og delt, snakk om ressurssløsing. Me må ta alt, eller ingenting.

Rømmen har etter kvart prøvd å trappa ned som advokat, men får det ikkje heilt til. Mykje takka vera eit miljø på jobben der kollegaene helst vil ha han med vidare ei stund til.

– Eg tek eitt år om gangen. Det er ein krevjande jobb, så du må vera skikkeleg motivert for å halda fram. Men det blir veldig rart å slutta, eg veit ikkje heilt kva eg då skulle finna på. Kanskje kan eg byrja hos dykk?