Min Eller Arbeidsgivar Sin e-post?

Advokat Jan Arild Rømmen, Advokatfirmaet Tollefsen AS

14.12.2015


Innføring av e-post har medført mange nye problemstillingar. Her skriv eg litt om reglane som gjeld e-postar til din jobb-PC.

Andre interessante tema som Hillary Clinton sin bruk av e-post eller korleis saksbehandlaren i kommunen skal lagra og svara på e-post kan me kanskje ta ein annan gong.

Tenk deg følgjande situasjon: Meklaren som får eit alvorleg illebefinnande midt under ein bodrunde eller forhandlingar og blir ute av stand til å halda fram oppdraget han driv med og det hastar på timen!

Då har arbeidsgivar rett til omgåande å gå inn på hans e-postar og mobiltelefon.

Slik er regelverket og slik må det vera. Eg syner her til lov og forskrift om personopplysningar. Her er reglar om kven som «eig» e-posten, arbeidsgivar sin innsynsrett, prosedyrar ved innsyn og kva som skal skje når arbeidstakar sluttar. Her står også reglar for arbeidsgivar sin rett til gjennomsøking av og innsyn i arbeidstakar sitt personlege område i arbeidsgivar sitt datanettverk. Reglane gjeld også for andre elektroniske kommunikasjonsmedia og utstyr som arbeidstakar har fått til disposisjon som mobiltelefon, nettbrett m.v.

Hovudregelen er at e-post sendt direkte til ein arbeidstakar si e-postadresse er privat, men arbeidsgivar har rett til innsyn i konkrete tilfelle. Eg siterer direkte frå forskrifta som er på bokmål:

«Arbeidsgiver har bare rett til å gjennomsøke, åpne eller lese e-post i arbeidstakers e-postkasse

  1. når det er nødvendig for å ivareta den daglige driften eller andre berettigede interesser ved virksomheten,

  2. ved begrunnet mistanke om at arbeidstakers bruk av e-postkassen medfører grovt brudd på de plikter som følger av arbeidsforholdet, eller kan gi grunnlag for oppsigelse eller avskjed»

Reglane gjeld også så langt dei passar for universitet og høgskular sitt innsyn i studentane sine e-postkassar og for organisasjonar og foreningar sitt innsyn i friviljugeeller tillitsvalde sine e-postkassar.

Reglane er omfattande og omfattar også andre interessante tema som kameraovervaking m.v. Har du tid og interesse når du er ferdig med julehefta, så gå inn på Lovdata sine heimesider der dette ligg gratis tilgjengeleg! God lesing!