LITT OM HØGSTERETT

Advokat Jan Arild Rømmen, Advokatfirmaet Tollefsen AS

Høgsterett er landets øverste domstol. Hovudoppgåva er å arbeida for rettsavklaring. Det inneber ein konsentrasjon om prinsippielle rettsspørsmål og retningsgivande avgjerder.

Høgsterett har 20 dommarstillingar og blir leia av ein justitiarius. I dag er det ei kvinne; Toril Marie Øie. Domstolen har også direktør, assisterande direktør, ei utgreiargruppe på 26 juristar og 22 saksbehandlarstillingar. Reint geografisk ligg den i Oslo i eige bygg like ved regjeringskvartalet der bomba blei sprengt 22.7.

Høgsterett kan behandla både straffesaker og sivile saker.

Det vert føreteke ei «siling» av saker. Dei fleste ankane vert ikkje behandla.

Den som ankar ein dom inn for Høgsterett, har såleis ikkje krav på å få saka si behandla der. Tre dommarar føretek denne gjennomgangen. Ordninga går på omgang mellom dommarane.

Høgsterett representerer den tredje statsmakt. Det vil seie at Høgsterett har mynde til å kontrollera at Storting og Regjering held seg til grunnlova og lovene og til dei konvensjonane og traktatane me er bundne av.

Til vanleg dømmer 5 dommarar i ei sak, men i spesielle saker kan retten setjast med 11 dommarar (storkammer) og i heilt spesielle tilfelle i plenum der alle deltek.

Det er stor prestisje å bli utnemnt til høgsterettsdommar, og berre spesielt kvalifiserte juristar vert tilsette.

Advokatar som vil prosedera saker i Høgsterett må ha ei spesiell godkjenning.

Er Høgsterett politisk? Etter maktfordelingsprinsippet (Storting, regjering, domstolar) skulle spørsmålet vera irrelevant. Men det er i vår demokratiske samfunnsdebatt semje om at Høgsterett i realiteten er politisk i ein viss grad når retten avgjer viktige, prinsippielle saker. Høgsterett har også markert seg i straffeutmåling i straffesaker der det i dommar vert gitt tydelege signal til underliggjande rettar om utvikling i straffenivået.

Saksbehandlinga i Høgsterett er til vanleg open for publikum. Det er fritt tilgjenge. Ein må berre gjennom ein sikkerheitskontroll som på ein flyplass. Neste gong du er i Oslo, ta ein tur innom for å ha opplevd akkurat dette spesielle, t.d. før eller etter ein liten tur på Stortinget 100 m ifrå der det er same tilgjenge. Anbefalast! Før det, gå inn på heimesidene slik at du veit om ei sak pågår og kva sak det gjeld!

Artikkelen var publisert i Sogn Avis i romjula 2017