Har du sjekka om du har rettshjelpsdekning?

Av Advokatfullmektig Anne Stine Hovland

 

Frå tid til annan oppstår det problem der det kan vera nyttig å søke hjelp hjå advokat. Men det er mange som vegrar seg for dette, av frykt for høge kostnadar.

Dette er synd  - av fleire grunnar. For det fyrste kan det vera saker som er, eller til slutt blir, ei stor belastning for den det gjeld. Det er tidkrevjande og tek mykje energi å følgja opp sjølv. Kanskje endar det med at ein ikkje orkar meir, trass i at ein kan ha lova på si side. Ei anna sak er at advokaten i ein tidleg fase kan ha mogelegheit til å påverka at saka blir løyst på ein god måte og at ein oppnår ei minneleg ordning - før konflikten har tilspissa seg og frontane er for steile.

Det mange ikkje er klar over, er at ein kan ha gode ordningar for å få dekka deler av utgiftene med advokat i ulike saker gjennom heilt vanlege villa-, heim-, hytte-, innbu-, bil og båtforsikringar  – såkalla rettshjelpsdekning.

Kva omfattar ei rettshjelpsdekning? Her kan det vera variasjonar frå forsikringsselskap til forsikringsselskap, så det er viktig å sjekke ut kva som gjeld i ditt tilfelle.

Det typiske er at forsikringsdekninga er knytt til det formuesgodet som forsikringa gjeld. Til dømes vil hus – og innbuforsikringar dekke tvistar med handverkar, eigedomstvistar og nabotvistar. Andre forsikringar, som bil- og båtforsikring, dekker tvistar som gjeld desse eigedelane. Desse vanlege forsikringane vil som regel ikkje dekke tvistar i familiesaker, t.d. ved samlivsbrot og arvesaker, eller arbeidstvistar. Her må ein sjekke om det kan vera andre ordningar som gjev dekning.

Det er nokre stikkord ein må ha i mente når det gjeld rettshjelpsdekning:

Oppstått tvist: Det vil seie at det må vera ei reell usemje. Ein får som hovudregel ikkje dekka utgifter til generell juridisk bistand. Det må vera sett fram eit krav som den andre parten motset seg. Det er ikkje krav om at dette skal vera skriftleg, men det er alltid ein fordel å ha mest mogeleg skriftleg korrespondanse. Også med tanke på ei eventuell seinare rettssak. Bruk derfor e-post eller SMS i all korrespondanse!

Fristar: Dei fleste forsikringsselskapa set som vilkår at ein må melde saka innan eitt år etter at tvist er oppstått eller advokat er kontakta. Det er derfor lurt å ta tidleg kontakt med forsikringsselskapet, slik at det blir oppretta sak.  

Eigenandel: Som i andre forsikringstilfelle er det også eigenandelar ved rettshjelpsdekning. Ei vanleg ordning er at det må betalast ein eigenandel på kr. 4 000,-, og at ein i tillegg må dekke 20 % av beløp utover dette. Vidare har dei fleste forsikringane eit tak, og det vanlege er at selskapet gjev dekning opp til kr. 100 000,-.

Det kan som nemnt vera variasjonar mellom dei ulike selskapa og for å få vite kva forsikringa di dekker, er det best at du eller advokaten tek kontakt med forsikringsselskapet for nærmare informasjon. 

Publisert i Sogn Avis 14.04.2018