Arv og sånt småtteri...

Av Advokat Silje Flugheim Heggestad, Advokatfirmaet Tollefsen AS

Juletider er for dei fleste forbunde med familiekos, god mat og hyggje. Men når familien er samla, treng det ikkje alltid vere like god stemning.

Særleg når ein startar å diskutere gåver og potensiell arv. Det kan vere at eit sysken har fått ei større gåve enn den i rettferdas namn skulle ha fått. Slikt kan øydeleggje ei elles harmonisk og triveleg jul.

Kjensler er viktig å ta på alvor. Men det som er enno viktigare, er å vite kva som er lovregulert. På denne måten får ein innsikt i den sjølvstendige råderetten og kva reglar ein er bundne av. Det er ikkje alle som opplever lovverket som rettferdig, men intensjonen bak lovene er klare og grunngjeven av lovgjevar.

Visste du at ein kvar myndig person kan gje frå seg det den måtte ønskje i levande live, uavhengig av potensielle arvingar?

Arvereglane trer først inn når ein person har gått bort. Dette betyr at mor og far i levande live kan gje det dei måtte ønske til t.d. ideelle organisasjonar eller til «favoritt barnet». Disposisjonar på dødsleie fell utanfor, og skal gjerast i testamentsform.

Visste du at å sitje i uskifta bu medfører restriksjonar for attlevande sine disposisjonar?

Dette gjeld bl.a. dersom ein gir bort fast eigedom eller andre gåver som står i mishøve til formuen i buet. Sal av fast eigedom til gåvepris fell raskt inn under denne føresegna.

Visste du at eit særkullsbarn/livsarving til særkullsbarn medfører at andre lovreglar trer i kraft?

Særkullsbarn må bl.a. gje sitt samtykke for at den attlevande kan sitje i uskifta bu. Særkullsbarnet kan såleis krevje å få ut sin arv straks.

Er det forskjell mellom arv etter sambuar og arv etter ektefelle?

Det er forskjellar, og ein av dei viktigaste er at ein ikkje har arverett berre i kraft av å vere sambuar. Sambuaren må ha, ha hatt, eller venta barn dersom ein skal ha arverett etter sambuar. Alternativt må sambuarar testamentere til fordel for kvarandre. Dersom ein er gift, vil ektefellane automatisk ha krav på arv etter kvarandre.

Korleis skal eit testament setjast opp?

Det er strenge formkrav til korleis eit testament skal skrivast. Feil kan i verste fall medføre at heile testamentet er ugyldig. Testamentet skal bl.a. gjerast skriftleg med to vitne til stades. Vitna må vite at det er tale om eit testament, og dei skriv under etter ønske frå testator, medan testator er til stade. Dei treng ikkje å få opplyst innhaldet.

Kvar skal testamentet oppbevarast?

Det finnst ingen reglar for dette. Tingrettane tilbyr oppbevaring mot eit mindre gebyr. Dette vert anbefalt.

Var gåva «berre» ei gåve, eller var det forskot på arv?

Spørsmålet for mange er om gåva skal avkortast ved eit arveoppgjer eller ei. Sjølv om munnlege avtalar er like bindande som skriftlege, er dei vanskelegare å dokumentere. Ein gjer det difor enklare for arvingane dersom forskotet er nedfelt i eit testament. Her finnst det mange løysingar.

Dette er hovudreglar. Unntak finnst, men dei vert ikkje gjennomgått her. Som ein forstår, byr arv potensielt på ømme spørsmål. Det kan då vere greitt å rådføre seg med ein utanforståande som ikkje tek del i fordelinga.

Publisert i Sogn Avis 16.01.2018