4 Ofte stilte spørsmål ved sal av fast eigedom

Advokat Jan Arild Rømmen, Advokatfirmaet Tollefsen AS

24.05.16


 Det er vår og me er inne i den mest travle tida for sal av fast eigedom. På denne tida får me erfaringsmessig ofte desse spørsmåla som me skal prøva å svara kort og presist på:

  1. Må ein betala dokumentavgift ved sal innan familien? Svaret er JA. Også her må det betalast full dokumentavgift som etter lova er 2.5% av omsetningsverdien av eigedomen. Denne avgifta framstår som høg. Døme: Foreldra overdreg einebustaden sin til ei dotter av di dei sjølve vil flytta inn i ei ny, lettstelt leilegheit. Verdien av einebustaden er kr. 4 mill pluss og då vert dokumentavgifta minst kr. 100.000,-. Eg kjem tilbake til dokumentavgifta i ein eigen artikkel om 2-3 veker.

  2. Må ein rydda og vaska ut før huset vert overlevert? Hovudregelen i lova er JA. Men. Her kjem eit viktig MEN: Dersom ein før handelen vert inngått set som vilkår at kjøpar må overta eigedomen som den er med innbu og lausøyre og uvaska, så er det eit vilkår som kjøpar har akseptert og dermed er det avtala. Her er mi erfaring at det vert jobba veldig mykje unødvendig rundt om. Døme: Det skapar stor frustrasjon i ein familie at berre ein eller få deltek i rydding og utvasking og brukar ferien sin til det og til og med pådreg seg kostnader, medan andre ikkje orkar. Det same gjeld i parforhold. Då kan ein unngå denne problemstillinga ved å selja «alt på rot»; ein tek berre ut det ein vil ha og let resten stå. Mange kjøparar kan nytta seg av det som står att og trekkjer lite ifrå i bodet sitt. Men altså: Klargjer tidleg dette vilkår!

  3. Må seljar godta høgaste bod? Svaret er NEI. Seljar står fritt til å godta eller forkasta eitkvart bod. Det kan vera mange grunnar til det. Eit døme er at seljar ikkje likar den som har høgaste bod som kan vera ein kverulant. Her finst mange typetilfelle og døme. Hos profesjonelle er dette vilkåret presistert i salsoppgåvene, men her oppstår mykje bråk med jamne mellomrom likevel. Me må berre oppmoda seljarar til ikkje å vera direkte uetiske ved å bruka andre si tid til å finna marknadspris når salet likevel er avgjort på førehand!

  4. Kan ein trekkja seg før skriftleg kontrakt er skriven?  Normalt er svaret NEI. Eit ord er eit ord, også på telefon. Det følgjer av avtalelova. På dette feltet har det også vore mange rettssaker opp gjennom åra. Den som påstår at han har juridisk rett til å trekkja seg må i alle høve vera veldig rask og han har ein tung motbakke å gå.