NHO får advokathjelp

NHO har forhandla fram ein avtale med Eurojuris Norge og deira 12 lokale kontor. Her blir NHO-medlemmer tilbydd forretningsjuridiske tenester av høg kvalitet til 15 prosent rabatt og ein time gratis førstekonsultasjon.


– Me trur at nærleik til advokaten og lokal kunnskap er viktig, skriv advokat JanTollefsen og Karin Helen Halle, regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, i ei pressemelding. 

 

– NHO sine medlemmer har regelmessig behov for juridisk hjelp, også i høve til andre spørsmål enn arbeidsrett. Difor ynskjer NHO å gje eit medlemstilbod som gjer det enkelt å finna ein advokat til ein fordelaktig pris når slike behov oppstår i bedriftene, seier Halle.

 

– Me trur samtundes det er kostnader å spara ved å nytta seg av lokale advokatfirma framfor dei store Oslo-firmane, seier Tollefsen

 

SMB-fokus

Den nye avtalen med Eurojuris Norge dekkjer alle rettsområde som har noko å seia for bedriftene og gjev NHO-medlemmene både rabatt og prioritert tilgang.

I forhandling med ulike moglege leverandørar har NHO særleg vore oppteken av at avtalen skal hjelpa dei små og mellomstore NHO-medlemmene til ein fornuftig pris. – Eurojuris og deira lokale kontor svarar godt på den utfordringa. I tillegg vil høvet for ein tett kontakt mellom NHO sine regionkontor og dei lokale advokatkontora vera der, sier Halle.