Innbu og tilleggsutstyr som skal fylgje med bustader ved sal

 

I nokre tilfelle oppstår konflikt om kva som skal fylgje med bustader og fritidsbustader ved sal. Kva kan seljarta med seg, og kva skal stå att til kjøpar?

 

Utgangspunktet er at partane i ein eigedomshandel står fritt til å avtala i kva utstrekning innbu og tilleggsutstyr skal fylgja eigedomen. Dersom det er innbu eller tilleggsutstyr seljar ynskjer å ta med seg, må dette seiast frå til kjøpar om før bindande avtale om sal er inngått, til dømes ved at opplysningar om dette vert teke inn i salsoppgåva. Tilsvarande må kjøpar ta atterhald i bodet sitt dersomhan eller ho ynskjer ei annan løysning enn den som går fram av marknadsføringa.

 

Når ikkje anna framgår av marknadsføring eller er avtalt, fylgjer det av avhendingslova at eigedomen blir overdregen med varig innreiing og utstyr som anten er fastmontert eller er spesielttilpassa bygningen. Som døme på kva som kjem inn under dette,  nemner lova blant anna faste anlegg og installasjonar for oppvarming, faste elektriske installasjonar, faste antenner og faste golvteppe. Innbu og tilleggsutstyr som det har vorte opplyst om fylgjer med i handelen ved marknadsføringa av eigedomen skal og vederlagsfritt overførast til kjøpar.

 

I tillegg til lova sine avgjerderhar Norges Eiendomsmeglerforbund, Eiendomsmeglerforetakenes Forening og Eiendomsadvokatenes Servicekontor utarbeidd ei vidt omfattande liste over kva tilleggsutstyrog innbu som normalt skal fylgja med. Denne lista er normgivande, og brukar i praksis å fylgje med kontrakten eller verte gjeven som informasjon til kjøpar og seljar når det vert nytta eigedomsmeklar. 

 

Lista over innbu og tilleggsutstyr som bør fylgjemed eigedomen ved sal når ikkje anna går fram av marknadsføringeller er avtala, kan ein finna på Norges Eiendomsmeglerforbunds nettside, www.nef.no.