Barnefordeling og samvær - til barnets beste

Advokatfullmektig Arvid Mellingen, Advokatfirmaet Tollefsen
06.08.2011


Når foreldre skil lag, blir det spørsmål om kvar barna skal bu fast, og kor mykje samvær det skal vere. Etter barnelova er det sentralt kva som er best for barnet. I mange tilfelle er foreldra samde om kva som er den beste løysinga, men i aukande grad ser vi at saker går til domstolane for å bli avgjort der. Ved Sogn tingrett var det tre gonger så mange slike saker i 2010 som i 2008.

 

Ein kan spørje seg kvifor så mange saker endar i domstolen. Før ein kjem så langt, vil jo foreldra ha drøfta spørsmålet seg imellom, dei har også gjennomført lovpålagt mekling ved eit familievernkontor, og kanskje har advokatar forsøkt å få til ei ordning.

 

Vår erfaring er at i saker med høg konflikt, kan ordninga med mekling i retten i mange tilfelle løyse saka slik at det blir ein avtale mellom foreldre. Domstolen brukar då ein psykolog til å snakke med partane på førehand, og i rettsmøtet får vi ein dialog mellom partane utan bevisføring, der dommaren og den sakkundige bidreg til at partane kan kome til semje som løyser saka før rettssak blir einaste utveg. Dommaren og psykologen vil kunne gi signal til partane om kva som kan vere ei fornuftig løysing på konflikten, sett ut frå kva som er best for barnet. Retten legg vekt på kven av foreldra som gjer mest for å dempe konflikten.

 

Dersom foreldra blir samde, blir saka avslutta med eit rettsforlik, som er like bindande som ein dom. I nokre tilfelle må vi ha fleire slike møte, og kanskje får ein prøvd ut ei samværsordning i mellomtida som gjer det lettare å bli samde seinare.

 

Saker om samvær og dagleg omsorg er prioritert etter rettshjelplova. Har du inntekt under
kr 246 000 som einsleg og formue under kr 100 000, vil du kunne få fri rettshjelp. Advokaten kan orientere deg om dette og sjekke ut om du vil få rettshjelp. Dette gjeld både på førebuande stadium i saka (rettsråd) og når saka går for retten (fri sakførsel).

 

Det er eigenandel på kr 905 for rettsråd og maksimalt kr 4525 for fri sakførsel.

 

I saker etter barnelova skal ein ha fokus på kva som er best for barnet. Det gjeld også advokatane, som etter lova har plikt til å vurdere om det er mogleg å få til avtaleløysingar mellom foreldra. Det er som regel det beste for vidare samarbeid.