Gransking- viktig intern kontroll

Advokat Arvid Mellingen, Advokatfirmaet Tollefsen AS


Ved mistanke om kritikkverdige tilhøve i private og offentlege organisasjonar, er gransking eit viktig verkemiddel til gjennomgang og førebygging.

I etterkant av fylkesmannstilsyn i Sogn barnevern, der ein har avdekt ei rekkje kritikkverdige forhold, kan ein spørje seg om kommunen i tidlegare fase kunne ha brukt gransking for å avklare faktum og gi grunnlag for tiltak.

Ved gransking nyttar ein som regel ekstern kompetanse til grundig og partsuavhengig undersøking for å klarlegge faktiske  forhold og ansvarsforhold. Gransking føreset at ein nyttar etterprøvbar metode, der ein sikrar innhenting av all relevant informasjon og samstundes tek vare på grunnleggjande omsyn som nøytralitet, saklegheit og kontradiksjon.

Gransking kan med fordel nyttast til å gjennomgå ei teneste eller konkrete hendingar for å avdekke faktum ogå undersøkje dette for å kunne gje tilråding om tiltak som reparerer eventuelle feil og manglar, eller førebyggjer uønskte hendingar i framtida.

Ved gransking vil ein i forkant gjere grundige førebuingar for å definere dei normer og standardar ein skal måle eininga eller hendinga opp mot. Granskaren vil innhente all relevant informasjon frå verksemda, det vere seg dokument eller elektronisk materiale, og ein vil gjennomføre strukturerte intervju med dei som er eller har vore involvert. Det er som regel naturleg å snakke med både noverande og tidlegare tilsette i organisasjonen, for å undersøkje alle sider av saka.

Ei gransking vil leie fram til ein rapport til oppdragsgivaren, med råd om tiltak dersom tilhøve bør endrast eller rettast opp.

Vår erfaring er at verksemder, både private og offentlege, i for liten grad er opptatt av å undersøkje bekymringsmeldingar om drifta før saka blir så stor at den nærast er uhandterleg. Det vil vere ein menneskeleg tendens til å skyve mistanke om feil og manglar føre seg, utan å ta grep i tide for å klarlegge forholda og kunne snu uheldig praksis eller å unngå feil i avgjerder.

Advokat- og revisjonsbransjen er mykje nytta til gransking, nettopp for å sikre den objektive og nøytrale distansen til dei involverte.

Artikkelen vart først publisert i Sogn Avis.

Sambuarskap – kort veg frå himmel til helvete

Advokatfullmektig Silje Flugheim Heggestad, Advokatfirmaet Tollefsen AS
 


Ja, eit sambuarskap kan vere like fantastisk som ein skyfri himmel ein vakker sommarsdag. Men som alle veit, kan været endrast, og plutseleg er det full storm. Dei fleste har ei venninne/venn/kjenning, som har opplevd ei svært vanskeleg tid etter eit samlivsbrot.

Ein avtale kan ikkje hjelpe oss på det kjenslemessige planet, men den kan eliminere økonomiske diskusjonar kring skifteoppgjeret. Ein sambuaravtale kan vere redninga frå ein personleg ruin.    

Det er mange som har spart seg opp pengar, teke med seg inn større verdiar i form av gjenstandar, eller har foreldre som ønskjer å hjelpe til i startfasen og undervegs i sambuarskapet. Hjelpa kan vere i form av økonomiske midlar eller i form av arbeidskraft. Dette er jo berre positivt for begge partar under samlivet.

Vidare er det vanleg at den eine tenar betre enn den andre, og at arbeidsfordelinga både ute og inne i huset og med barna er ulik. Pengebruken flyt, og ein blir meir og meir usikker på kvar midlane har blitt av. Kva skjer då, dersom samlivet vert brote, og ei økonomisk deling skal finne stad? Kva har du eigentleg rett på i ettertid? Mange vil bli overraska over svara. 

Det må erkjennast at mange ikkje ein gong tenkjer over dei ovannemnte spørsmåla. Men nokre reflekterer over om det i det heile tatt er greitt å tenkje på korleis ein kan sikre seg sjølv økonomisk når ein er stormforelska. Er det greitt å reflektere over sin eigen situasjon når kvardagen rullar og held seg på skinnene? Torer ein i det heile å ta opp temaet – eller fryktar ein å skape dårleg stemning? Er det på noko tidspunkt for seint å ta opp temaet?

Å vere reflektert over sin eigen situasjon og kva som skjer ved ulike val, er gode eigenskapar. I høve skilsmissestatistikken, vil over halvparten av ekteskapa ende i skilsmisse. Det same skjer truleg med sambuarskap også. Ein må difor vere realistisk, ikkje naiv . Ein må då ta inn over seg at dersom ein ikkje kan einast i fredstid, så er sjansen mindre for at ein blir samde i krigstid.

Ta praten, finn ut kva de som sambuarar ønskjer, og lag spelereglar for dykkar samlivsøkonomi. Openheit, refleksjon og diskusjon er viktig. Dette kan vere nøkkelen til å definere ein skriftleg sambuaravtale som kan sikre begge partar ved eit eventuell samlivsbrot. 

4 Ofte stilte spørsmål ved sal av fast eigedom

Advokat Jan Arild Rømmen, Advokatfirmaet Tollefsen AS

24.05.16


 Det er vår og me er inne i den mest travle tida for sal av fast eigedom. På denne tida får me erfaringsmessig ofte desse spørsmåla som me skal prøva å svara kort og presist på:

  1. Må ein betala dokumentavgift ved sal innan familien? Svaret er JA. Også her må det betalast full dokumentavgift som etter lova er 2.5% av omsetningsverdien av eigedomen. Denne avgifta framstår som høg. Døme: Foreldra overdreg einebustaden sin til ei dotter av di dei sjølve vil flytta inn i ei ny, lettstelt leilegheit. Verdien av einebustaden er kr. 4 mill pluss og då vert dokumentavgifta minst kr. 100.000,-. Eg kjem tilbake til dokumentavgifta i ein eigen artikkel om 2-3 veker.

  2. Må ein rydda og vaska ut før huset vert overlevert? Hovudregelen i lova er JA. Men. Her kjem eit viktig MEN: Dersom ein før handelen vert inngått set som vilkår at kjøpar må overta eigedomen som den er med innbu og lausøyre og uvaska, så er det eit vilkår som kjøpar har akseptert og dermed er det avtala. Her er mi erfaring at det vert jobba veldig mykje unødvendig rundt om. Døme: Det skapar stor frustrasjon i ein familie at berre ein eller få deltek i rydding og utvasking og brukar ferien sin til det og til og med pådreg seg kostnader, medan andre ikkje orkar. Det same gjeld i parforhold. Då kan ein unngå denne problemstillinga ved å selja «alt på rot»; ein tek berre ut det ein vil ha og let resten stå. Mange kjøparar kan nytta seg av det som står att og trekkjer lite ifrå i bodet sitt. Men altså: Klargjer tidleg dette vilkår!

  3. Må seljar godta høgaste bod? Svaret er NEI. Seljar står fritt til å godta eller forkasta eitkvart bod. Det kan vera mange grunnar til det. Eit døme er at seljar ikkje likar den som har høgaste bod som kan vera ein kverulant. Her finst mange typetilfelle og døme. Hos profesjonelle er dette vilkåret presistert i salsoppgåvene, men her oppstår mykje bråk med jamne mellomrom likevel. Me må berre oppmoda seljarar til ikkje å vera direkte uetiske ved å bruka andre si tid til å finna marknadspris når salet likevel er avgjort på førehand!

  4. Kan ein trekkja seg før skriftleg kontrakt er skriven?  Normalt er svaret NEI. Eit ord er eit ord, også på telefon. Det følgjer av avtalelova. På dette feltet har det også vore mange rettssaker opp gjennom åra. Den som påstår at han har juridisk rett til å trekkja seg må i alle høve vera veldig rask og han har ein tung motbakke å gå.